Tilbake til søkeresultatene

BIA-Brukerstyrt innovasjonsarena

Biomedical Network -Nettverk for forsknings- og utviklingssamarbeid mellom medisinsk industri, kliniske- og akademiske miljø

Alternativ tittel: Biomedical Network -Nettverk for forsknings- og utviklingssamarbeid mellom medisinsk industri, kliniske- og akademiske miljø

Tildelt: kr 0,40 mill.

Biomedical Network har dette året nådd mange nye aktørar innanfor biomedisinsk forskning, innovasjon og industri. Nettverket er vel kjent og godt etablert som ein arena der industri møter akademia. Det er arrangert fleire større og mindre møter med tema som er relevant for industrielle medlemer og våre partnarar. 3 store møter med tema Publisering vs patentering; Realisering av ny terapi gjennom drug repurposing; Satsing på Immunologi, stamcellebehandling og kreftmedisin. Viktige nøkkelpersonar innanfor private og offentlege organisasjonar støttar tiltaket og vi har sterke team med oss i styringsgruppe og arbeidsgruppe.

Eit større tal forskarar og industriaktørar har gjennom Biomedical Network fått innsikt i prosessen frå forskning og utvikling til industriell og kommersiell verdiskaping. Gjennom våre arrangement har det blitt delt kunnskap som er samla i eit tverrsnitt av akademiske institusjonar og i industrielle selskap. Forskargrupper, medisinske firma, tilretteleggjarar og helseleiarar har fått etablert kanalar for samarbeid som tidlegare har mangla. Biomedical Network og strukturen som er etablert vil bli ført vidare som eit viktig innslag i ny Medisinsk Inkubator som står ferdig i Bergen neste år.

Biomedical Network tar mål av seg til å støtte bedrifter og gode forskargrupper i Norge i arbeidet med å utvikle nye løysingar innan spesialisert terapi og diagnostikk. Vidareutvikling av nettverket skal legge til rette for at bedrifter kan gjere seg nytte av ressursar i Norge, især klinisk akademisk kunnskap, infrastruktur og tilrettegging frå regulatoriske myndigheiter, virkemiddelapparat. Mobilisering av særskilde forskargrupper til samarbeid med industri og innsats frå komplementære miljø skal vere med på å løfte fram Norge innanfor ny avansert terapi og diagnostikk. Dette gjeld gode forskingsgrupper knytte til universitet og helseføretak som ønskjer å etablere samarbeid med industrielle aktørar om forsking og produktutvikling innanfor spesialiserte terapiområde. Biomedical Network vil løfte tema som er viktige for realisering av nye produkt. Samarbeid med Biomedisinsk inkubator om utvikling av nye fasilitetar vil kunne opne for tidleg testing og pilotprøving. Nettverket vil arrangere faglege samlingar med nasjonal deltaking, kunnskapsdeling står i fokus. Biomedical Network vil invitere medlemmer og samarbeidspartar inn i prosessar som fører fram til utviklingssamarbeid og innovasjon, vil og tilrettelegge for søknader mot BIA programmet og EU Horizon utlysningar. Nettverket vil samarbeide med andre nettverk som Oslo Cancer Cluster, Mohn Center for Medical Vizualization and Imaging og andre. Biomedical Network har sidan starten i 2016 opplevd sterk støtte og engasjement frå medisinske firma og ei rekkje akademiske og kliniske fagmiljø ved HUS og UiB. Nettverket er tett på Biomedisinsk Inkubator som kan stå klar i 2020, midt i kliniske- og prekliniske fagmiljø ved Haukeland Universitetsklinikk(HUS) og Universitetet i Bergen (UiB). Dette vil gje bedrifter i nettverket kortare veg til forskarar tett på klinikken. Bergen Teknologioverføring AS(BTO) ønskjer å vidareføre kontrakt med Forskningsrådet om drift av nettverket.

Budsjettformål:

BIA-Brukerstyrt innovasjonsarena