Tilbake til søkeresultatene

ENERGIX-Stort program energi

Science Meets Industry Bergen 2019

Tildelt: kr 59 999

Prosjektnummer:

300573

Søknadstype:

Prosjektperiode:

2019 - 2019

Midlene er mottatt fra:

Geografi:

Konferansen har vorte arrangert i mange år, først som ein del av FME-senteret NORCOWE, seinare som ein del av NORCOWE-nettverket. Oppslutninga har vore aukande i takt med den auka interessen for havvind og vi ventar rekordpåmelding i år. Konferansen er ein viktig møteplass for næringsliv, akademia og offentleg sektor for å byggja nettverk. Konferansen rettar seg mot fagfolk, og har som mål å gje ei oversikt over viktige trendar og problemstillingar innan havvindbransjen. Det er lagt stor vekt på å få næringslivsaktørar inn som talarar, både etablerte havvindaktørar som Equinor og nye aktørar. Kombinasjonen av næringslivspresentasjonar og forskarpresentasjonar med klar næringslivsrelevans bidreg til kunnskapsoppbygging både i akademia og næringsliv. Konferansen spelar ei viktig rolle for å mobilisera til auka havvindsatsing i regionen, og er ein del av arbeidet med omstilling og grøn næringsutvikling. Pr 4/4 står Equinor, Kværner, TechnipFMC, NGI, NORCE og UiB på talarlista. Konferansespråket er engelsk.

Aktivitet:

ENERGIX-Stort program energi