Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

ERA-GAS: Grass To Gas: Strategies to mitigate GHG emissions from pasture-based sheep systems

Alternativ tittel: Frå gras til gass: Strategiar for å minske klimagassutsleppa frå beitebasert saueproduksjon

Tildelt: kr 4,3 mill.

Frå gras til gass: Strategiar for å minske klimagassutsleppa frå beitebasert saueproduksjon (Gras-til-Gass) Gras-til-Gass skal hjelpe internasjonal sauenæring med å redusere klimagassutsleppa ved å gje eit betre grunnlag for målretta avl og fôringsopplegg i beitebaserte produksjonar som og skal vera berekraftige i eit miljø- og matressursperspektiv. Fokus er på utslepp av metan frå vomma til sauene, såkalla enterisk metan. Prosjektet kombinerer internasjonal vitskapeleg og industriell kompetanse, men og praktiske løysingar for å redusere utsleppa. Klimaendringar er ein internasjonal utfordring som krevjar internasjonalt samarbeid, og i Gras-til-Gass har vi med deltakarar frå Norge, Skotland, Frankrike, Irland, Tyrkia, Uruguay og New Zealand: Alle er land som har betydelege sauenæringar og som til saman gjev Gras-til-Gass røynsle og kompetanse frå eit vidt miljøspekter og mange ulike typar sau. Skreddarsydde målingar av metanutslepp og fôrforbruk er naudsynte for å skape nye klima-strategiar for saueavlen, utan kan vi ikkje samanlikne ulike løysingar og produksjonssystem. Gras-til-gass skal bidra til å utvikle slike målingsprotokollar, gjennom ulike sensorteknologiar, registreringsmetoder og -tilnærmingar. Til døme kan slik standardisert måling av metanutslepp brukast til å estimere enkeltdyr sin avlsverdi (for mengde metan), og dermed gje oss ein måte å velje ut klimavennlege avlsdyr for ulike miljø på tvers av land. I dag har vi ikkje slike anerkjente standardar. Ved NMBU fokuserer vi på varierande vinterfôr- og beitekvalitetar og effektar av desse på metanutslepp for ulike typar sau, både moderne og gamle, nasjonale rasar. For å måle utsleppa samarbeider vi med Norsk Sau og Geit (NSG) og bruker deira spesiallaga lastebil ‘Metanmåleren’, med målekammer (av PAC-typen) i lasterommet. NMBU har to ulike typar sau: ein korthala, liten og lett rase, Gammalnorsk spælsau (GNS, ca. 60 kg) og den dominerande rasen i Noreg, den mykje større, moderne og høgproduktive Norsk kvit sau (NKS, ca. 90 kg). I 2020 og 2021 registrerte vi metanutslepp frå vomma til 20 NKS og 20 GNS -søyer som fekk vinterfôr (surfôr) av 2 kvalitetar i løpet av 6 veker: særs godt og middels godt fôr. På sommaren fekk dyra servert fersk beitegras, og kvaliteten på dette graset endra seg naturleg utover seinsommaren i løpet av dei 6 vekene med forsøk. I begge forsøka registrerte vi individuelt fôropptak kontinuerleg i 6 veker, og målte metanutslepp frå alle individa dagleg anna kvar veke. I surfôrforsøket tok vi og prøve av mikrobane i vomma frå dyra på begge fôrkvalitetane, dette er finansiert av Eckbos legat. Deskriptiv statistikk viser tydelege forskjellar, både mellom fôrkvalitet og rasar. Resultata frå forsøka er under analysering, so langt kan vi sjå at mengde spist fôr (kg tørrstoff) er avgjerande for metanmengda, og på surfôr sleppte ein liten GNS, som åt mindre, ut mindre metan enn ein stor NKS, 0,95 mot 1,65 gram metan per time, tala for grasforsøket var høgare, hhv. 2,13 (NKS) og 1,42 g/time (GNS), hovudsakleg fordi dyra åt mykje meir (samstundes produserer GNS mindre lammekjøt. U, og utslippsintensiteten (utslepp per kg produserte eining) vert no modellert, og her tek ein hensyn til at NKS har ein større produksjon av lam enn GNS: Berekningar med gardsmodellen HolosNorSheep for utslippsintensiteter per kg slakt viser at NKS ligg lågast med 16,3 CO2-ekvavilenter mens GNS har 21,3 CO-ekv.. Om vi korrigerer for mengde tørrstoff ete ser vi at GNS likevel slepp ut mindre metan (GNS 1,07 mot NKS 1,52 g metan per time) og det peiker mot rasespesifikke genetiske forskjellar i korleis metan blir produsert i vomma og potensielle mogelegheiter for å bruke desse eigenskapane i avlsarbeid. Vomstorleik kan og spele inn her og resultat (NKS har relativt til kroppsstorleik større vom enn GNS) frå det Eckbo-finansierte prosjektet vil sett i samanheng med resultata for utslepp av enterisk metan. Det er også interessante skilnader i korleis rasane reagerer på endring i kvalitet: NKS åt mykje meir av surfôr av den beste kvaliteten enn av den dårlegaste (2479 mot 1835 gram tørrstoff), mens GNS ikkje endra inntaket sitt like mykje (1337 og 1143 gram tørrstoff). Korrigert for tørrstoffinntak ga det særs gode surfôret lågast metanproduksjon, 1.28 gram metan per time mot 1,32 for den moderate kvaliteten. Dette ga seg og utslag i metanmengda. Data frå gras-forsøket er under analysering og fleire resultat kjem. Utslepp av enterisk metan (per kg tørrstoff) auka når graskvaliteten gjekk ned. Vi er saman med dei internasjonale partnarane i ferd med å utarbeide modeller for samanheng mellom tørrstoffopptak (og andre proksiar) og metanproduksjon og foropptak. Modellane skal no prøvast ut, på tvers av land og med data frå ulike land, for å finne dei beste måtane å predikere metanutslepp og fôreffektivitet på.

-

GrassToGas will determine appropriate breeding and nutritional management mitigation strategies to reduce GHG in pasture-based livestock systems. The overall aim of the project is to combine international scientific and industry expertise to generate new knowledge and applied solutions for the mitigation of greenhouse gas emissions (GHG) in sheep. The concept relates to the fact that the international sheep breeding community is at different stages of development in the creation of resource populations to generate feed intake and methane emission measurements for sheep. These are needed to specifically provide new breeding solutions for the sheep industry. The GrassToGas partners are using different sensor technologies, measurement protocols and approaches to address the issue of reducing GHG emissions from sheep. Combining and sharing expertise and addressing knowledge gaps through collaboration in GrassToGas will ensure that consensus on the utilisation of key measurement methods as predictors of GHG emissions, feed and forage efficiency can be agreed and adopted at an international level for use in sheep breeding programmes. As the reduction in GHG emissions is a global issue, a trans-national and trans-disciplinary (breeding, nutrition, economic) approach is necessary which will be incorporated into this project by respective partners focussing on key elements of the knowledge gap for pasture-based sheep systems.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram