Tilbake til søkeresultatene

BIONÆR-Bionæringsprogram

NordForsk: Innovative sustainable Nordic-Baltic horticulture

Alternativ tittel: Innovativt bærekraftig nordisk-baltisk hagebruk

Tildelt: kr 1,8 mill.

Hagebrukssektoren er liten, men viktig for landbruket i dei nordisk-baltiske landa. Men sjølvforsyninga av frukt og bær er liten i regionen; berre 10% i Estland og opp til 30% i nokre av dei andre landa. Ei prioritering i planar for rurale område er å auka den lokale hagebruksproduksjonen. Dette er i samsvar med måla som er sett i «European Green Deal», som er opptatt av å redusera negativ miljøpåvirking. Eple, jordbær og solbær er dei viktigaste hagebruksvekstane i regionen og vil difor ha fokus i prosjektet InNoBaHort. Den første målsetjinga i prosjektet er å redusera unødig næringstilførsle ved å ta i bruk ein ny og rask fluorisens-basert målemetode som skal samanliknast med tradisjonell bladanalyse. I 82 bladprøvar frå kommersielle jordbærfelt i Estland, var N-innhaldet i 38% av prøvane over optimalverdien, 60% var som tilrådd, mens berre 2% var under normalen. Av næringsmangel i jordbærfelt, var det mest av Zn- og Ca-mangel, men dette kan bøtast på med bladgjødsling. I det første året av forsøk i Estland hadde ikkje ulike gjødslingsnivå signifikant effekt på fruktstorleik, men hadde noko effekt på smak. Utvikling og innføring av varslingsmodellar for sjukdomar og låg-risiko biologiske alternativ til syntetiske fungicid utgjer det andre målet i prosjektet. Det endelege målet er å redusera bruken av syntetiske soppmiddel i hagebruksvekstar. Det skal utviklast nye varslingsmodellar for frukttrekreft (Neonectria ditissima) i eple og bærbuskbladflekk (Mycosphaerella ribis) i solbær. Data frå Noreg viser at askosporar av N. ditissima vert spreidde året rundt, med mest spreiing i mai-juni. Data vert analysert både med tradisjonelle metodar og maskinlæring, og temperatur og timar sidan det hadde regna sist er dei viktigaste faktorane som påverkar askospore-spreiinga. I Finland er data frå tidlegare undersøkingar av sporespreiing av N. ditissima organisert og klargjort for vidare analyse. Ei evaluering av fem eksisterande modellar for sporespreiing hos N. ditissima vart initiert. Ved å bruka eit datasett frå tidlegare arbeid i Noreg, vart det utvikla temperatur- og fuktbaserte modellar for moding og spreiing av askosporar og konidiar av M. ribis. Det norske forskarteamet har overført kunnskap om varsling av skurv i eple og gråskimmel i jordbær på seminar for frukt- og bærnæringa i Estland og Litauen. Effekten av ulike planteekstrakt mot gråskimmel i jordbær vert undersøkt i Litauen, og ei spørjeundersøking om bruken av alternative plantevernprodukt er gjennomført. Den viktigaste tilbakemeldinga frå dyrkarane var at det er ein mangel på slike produkt, og verknaden er gjerne dårlegare enn for kjemiske produkt. Førebels resultat frå forsøk viser at låg-risiko biologiske produkt basert på bakteriar og planteekstrakt gir lovande effekt mot gråskimmel i jordbær. Den tredje målet i prosjektet er å få eit fremskritt i foredling av eplesortar med høg grad av resistens mot frukttrekreft. Ulike resistenskomponentar i gamle og nye sortar og lovande seleksjonar skal evaluerast. Estiske, norske og svenske eplesortar skal undersøkjast, med særleg vekt på estiske sortar som tidlegare ikkje har vorte testa for resistens mot frukttrekreft. I Sverige har ein så langt i prosjektperioden fått god innsikt i to metodar for inokulering av N. ditissima ved testing av resistens. Vidare har ein fått ny kunnskap om utvikling av sporehus (perithecium) av soppen.

Apple, strawberry, and blackcurrants are the most important horticultural crops for the Nordic-Baltic region and will therefore be targeted in InNoBaHort. The first objective of the project is to decrease the use of applied fertilizers by introducing a novel energy dispersive X-ray fluorescence technique in parallel with plant sap analyses. By detecting exact nutrient needs, we anticipate achieving a 30% reduction in nitrogen use per hectare in strawberry. Developing and introducing disease forecasting models and low-risk biological alternatives will be the foundation for the second objective, to decrease the number of synthetic fungicide sprays in horticultural crops. The main attention will be on developing new forecasting systems for European canker in apple and Mycosphaerella leaf spot in black currants. For apple scab and grey mould of strawberry, the Norwegian team will transfer knowledge from existing forecasting systems to Estonia and Lithuania. The antifungal effect of different plant extracts on grey mould in strawberry will be evaluated in Lithuania. The third objective of the project is to make a quantum loop in breeding of new apple cultivars with high levels of resistance to canker. Available chemical or biological measures against European canker are not sufficiently effective, and more use of resistant cultivars would significantly improve growers’ economy. Different resistance components in old and new cultivars and promising breeding selections will be evaluated. There will be screening of Swedish, Norwegian, and Estonian apple cultivars, with an emphasis on Estonian germplasm, which has not been evaluated for canker susceptibility.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

BIONÆR-Bionæringsprogram