Tilbake til søkeresultatene

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren

Programming for Developing Mathematical Competencies

Alternativ tittel: Programmering for utvikling av matematisk kompetanse

Tildelt: kr 9,7 mill.

I dei seinare åra har programmering fått meir merksemd i læreplanane i fleire land, mellom anna i Noreg. Det er forventa at introduksjon av programmering i skulen vil ha positiv effekt på programmeringskompetansen til elevane. Kva effekt det har på utvikling av matematiske kompetansar, er ikkje klart. Eit sentralt mål i dette forskingsprosjektet er å finne ut meir om korleis programmering kan bli integrert i matematikkfaget på ein måte som legg til rette for at elevane utviklar matematisk kompetanse. Forskingsprosjektet utviklar og evaluerer undervisningsmateriell og praksisar opp mot kjerneelementa i læreplanen i matematikk: 1) Utforsking og problemløysing, 2) Modellering og anvendingar, 3) Resonnering og argumentasjon, 4) Representasjon og kommunikasjon, 5) Abstraksjon og generalisering. Gjennom prosjektet blir undervisningsmateriell utvikla og evaluert i eit samarbeid mellom lærarar, lærarstudentar og forskarar, og analysert med eit utforskande mixed methods-design. Eit av måla i prosjektet er å hauste erfaringar som kan vere nyttige i vidare arbeid med implementering av programmering i matematikkfaget i både grunnskulen og vidaregåande skule.

In recent years, programming has gained increased attention in school curricula in many countries, including Norway. It is expected that the introduction of programming in schools will have a positive effect on student’ competence in programming, but how this will affect competence and skills in topics of mathematics is currently unknown. This strategic research project investigates how programming can successfully become an integral part of mathematics education in primary and secondary school, utilized to support learners’ development of mathematical competencies. The project develops teaching practices and material targeting specific mathematical competencies. To ensure relevance to the teaching profession, the development is done in close collaboration between teachers, pre-service teachers, and researchers. By using an exploratory mixed methods design the project will thoroughly test the teaching practices and evaluate them in practice. The project will be a first of its kind to connect programming to the core elements in the mathematics curriculum in Norway. The aim is to become a leading knowledge hub and competence centre for programming in mathematics in primary, secondary and upper secondary education, and a considerable effort is made to consolidate the teaching practices in schools. Based on our findings, we disseminate results and provide recommendations to a broad audience, including teachers, school owners, the academic community, and policymakers.

Publikasjoner hentet fra Cristin

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Ingen publikasjoner funnet

Budsjettformål:

FINNUT-Forskning og innovasjon i utdanningssektoren

Finansieringskilder

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet