Tilbake til søkeresultatene

MAROFF-2-Maritim virksomhet og offsh-2

Havforskermøte 2023

Tildelt: kr 76 137

Prosjektnummer:

347335

Prosjektperiode:

2023 - 2024

Geografi:

Vi vil arrangere Havforskarmøte 2023 på Runde. Norsk havforsking står sterkt internasjonalt, men det er få nasjonale arenaar der havforskarar i Noreg kan samlast for å dele forsking og bygge nettverk. Havforskarmøtet er derfor ein viktig møteplass. Dei ca. 40 - 100 deltakarane kjem frå ulike sektorar og representerer marine fagmiljø frå heile landet. Havforskarmøtet blir arrangert årleg, og kvart år er fokus på eit spesifikt tema. Eksempel på tema frå dei seinaste åra har vore: «Hvordan få mer mat fra havet» (2017), "Hvordan kan forskere gjøre økologi mer politisk relevant?" (2019), "Klimaendring i havet" (2020, online), "Nye metodar for å møte morgondagens utfordringar" (2021), «Bruk eller vern – arealbruk til havs» (2022). I 2023 blir temaet 'Mat frå havet'. Dette temaet er også høgst relevant for maritim sektor, der det er mange maritime operasjonar og teknologiar som må utviklast for å utnytte produksjonen i havet betre, både innan akvakultur, fiskeri og lågtrofisk hausting. Til dømes er det ein veksande flåte som frakter og handterer restråstoff frå fisk, det er interesse for å utvikle fangstteknologi for lågtrofiske artar (mesopelagisk, plankton) og det er aktuelt å utvikle akvakultur av både muslingar, algar og fisk i tilknytning til offshore industriparkar og vindkraft til havs. Vi vil gjere møtet til ein møteplass mellom industriaktørar og akademia, invitere alle havforskarar og næringsliv til møtet – og vi har lagt det til Runde, som er nær Ålesund, Møre og tyngdepunktet for maritim aktivitet i Noreg. Vi vil også sørge for å invitere minst tre MAROFF prosjekt inn i programmet.

Budsjettformål:

MAROFF-2-Maritim virksomhet og offsh-2

Temaer og emner

Ingen temaer knyttet til prosjektet