Ei grøn omstilling i Europa avheng av effektive og sosialt akseptable strategiar og politikk. Noreg må avvege nasjonale interesser med EU sine interesser og internasjonalt samarbeid om klimapolitikk. Tre sektorar er valt ut fordi dei er viktige for Noreg, er eksponert for klima- og energipolitikk, og har omfattande samarbeid med EU.
1. Meir produksjon av fornybar energi er nødvendig for å fjerne fossil energi frå kraftsystemet i Europa. I tillegg må vi ha meir og meir stabilisert låg-karbon kraftproduksjon (balansekraft) ved lite produksjon av vind- og solenergi, meir overføring via nett og frå lagra energi, og høgare effektivitet og fleksibilitet i produksjon og bruk av energi. Ein energimodell analyserer samspelet mellom ulike energialternativ, fordeling av arealbruk og kostnader mellom regionar, og ein økonomisk modell samanliknar økonomiske konsekvensar for Noreg, og mellom regionar, sektorar og sosiale grupper. Aksept blir granska gjennom ein gallup blant borgarar og intervju med interessentar.
2. Noreg kan produsere hydrogen frå naturgass kombinert med karbonfangst, som EU kan vere interessert i. Vi analyserer kor konkurransedyktig denne hydrogenproduksjonen er samanlikna med hydrogen produsert ved hjelp av fornybar energi i EU, saman med analyser av økonomi og interesse i industrien.
3. Vi analyserer effekten av EU sin karbontoll (CBAM) på norsk industri, samanliknar med CO2-kompensasjonen vi har i dag, og undersøkjer industrien sitt syn og interesser gjennom intervju.
Prosjektet vil fremme breiare og meir detaljert kunnskap om rommet for energi-klima-økonomi-aksept i Europa, som vil gjere det mogeleg å utvikle meir effektive strategiar og politikk med større sjanse for gjennomføring, og med stort potensiale for grøn jobb-skaping i Noreg, samt gjennom eit fruktbart samarbeid med EU.
The green transition of society and economy in Europe and meeting climate goals is challening and therefore depends on strategies and policy measures that are cost-effective as well as socially acceptable. In this project we combine macro-economic and energy system models and analyses of green transition scenarios with a comprehensive examination of social acceptance. We focus on Norway's choices, both in close collaboration with EU in its climate and energy policies, but also reflecting Norway's differing interests due to differences in energy resources and industry structure. Norway emphasizes developement of new green industries and jobs. Three energy and industrial cases are chosen due to their exposure to climate and energy policies, Norway's energy and trade connections with EU, and importance for Norway. These are the power sector, export of gas-based (blue) hydrogen to EU, and introduction of the 'Carbon Border Adjustment Mechanism (CBAM)'. The analysis is founded on an innovative combination of economic, climate policy and energy modeling with a thorough investigation of social acceptability by means of interviews with stakeholders and a survey across citizens, applied to the three key sectors afflicted by the green transition. The analyses are based on a comprehensive understanding of current and planned climate, energy and industry policies within EU. This research will contribute to increased energy security in Norway and Europe, support the ability to meet climate policy goals, reduce the risk for investments in blue hydrogen, and reduce the climate policy risk for industry and afflicted regions in Norway.